top of page

Lagskveld torsdag 25.november i klubbhuset

  • 15. nov. 2021
  • 1 min lesing

Styret inviterer til lagskveld i klubbhuset torsdag 25.november kl. 18.30.

Dette er meint å vere eit sosialt treff som gir høve til båtprat over ein kaffikopp med "nogot attåt". I tillegg vert det temaøkt om "Trygg på sjøen" v/RS Leikanger, og aktuell informasjon frå styret.

Hovudattraksjon for kvelden er sjølvsagt besøk av RS Uni Sognefjord, som kjem på kveldsvisitt frå Leikanger. Det vert omvising på skøyta.


Corona - atterhald

I skrivande stund er smittesituasjonen i Lærdal uavklart, og me må derfor be dei som vil vere med på lagskvelden om å melde seg på til sekretær Eystein Gaare innan tysdag 23.november. Me viser og til heimesida til Lærdal kommune, der det jamleg vert informert om corona-stoda og gjeldande tiltak. Dersom smittesituasjonen forverrer seg vesentleg, vil lagskvelden måtte utsettast.

 
 
 

Siste innlegg

Se alle
Havnepriser 2026

Medlemsavgifter Innenbygdsmedllemmer (6887) Til og med 15 fot kr. 2350 16 til og med 29 fot kr. 3300 30 til 36 fot kr. 4000 Medlemmer utenfor 6887 Lærdal Til og med 15 fot Kr. 4550 16 til

 
 
 

Kommentarer


bottom of page