Nytt om mudringa og Lærdal fjordfront



Det har vorte tek opp og kjørt til Haabakken ca 5 000 m3 mudringsmasse fram til no. Det skal takast opp ca 1000 m3 til før arbeidet vert fullført ut på nyåret ein gong. Kommunen skal då også gjere ein del arbeid med leidingane som kryssar "svingen" i innseglinga, slik at det også der vert god seglingsdjupne.


Ei ny fase i arbeidet med Lærdal fjordfront vart påbegynt 12.desember. Då vedtok kommunestyret oppstart av arbeidet med ny reguleringsplan for Grandane med Lærdal fjordfront. Kommunestyet vedtok og å sette av 1 mill i budsjettet for 2020 til dette formålet. Kommunestyret er prosjekteigar for denne fasen, men båteigarlaget er representert i prosjektgruppa. Planprogrammet er lagt ut til offentleg ettersyn og høyring. Framdriftsplanen som ligg i planprogrammet, tilseier at det meste av 2020 vil gå med før endeleg reguleringsplan kan vedtakast av kommunestyret.

0 visninger