Prosjekt Lærdal fjordfront - positivt resultat av grunnundersøking

Sommaren 2018 offentleggjorde båteigarlaget ei moglegheitsstudie for utvikling av strandsona på Lærdalsøyri. Studien var utarbeidd av Asplan Viak. Båteigarlaget har fått svært mange positive tilbakemeldingar og oppmodingar om å arbeide vidare med prosjektet.

I januar 2019 hadde me så klar finansiering av ei kartlegging av grunntilhøva i det aktuelle området, og Norconsult vart hyra inn for å gjennomføre undersøkinga. Resultatet er nedfelt i ein rapport om grunntilhøva, og ein rapport som gir svar på om grunnen er stabil nok til å tole den skisserte utbygginga.


Rapportane stadfester at grunnforholda er stabile nok til å gjennomføre utbygginga slik den vart skissert i moglegheitsstudien til Asplan Viak.

Grunnlaget for å starte arbeidet med neste fase av prosjektet er no på plass.


0 visninger