Springfloa 15.januar
- 16. jan. 2020
- 1 min lesing
Som meldt vart det skikkeleg springflo medvegs i januar. Heldigvis var det nesten vindstille, så hamneanlegget kom velberga gjennom prøvelsen. Men som bileta viser, stod vatnet ganske høgt. Uver i tillegg kunne ha påført hamneanlegget stor skade. Dersom Lærdal fjordfront vert realisert, vil hamneanlegget verte langt betre verna mot trugande uver og stormflo.
Comments