Vårdugnad laurdag 5.juni kl 10.00

Det er mangt og mykje som står på dagsorden på denne dugnaden. Her er arbeidslista for dagen:

  • Flytte og justere på utriggarar

  • Utbetre flyteelement på utriggarar

  • Kontroll og vedlikehald av m.a. tredekk på brygger

  • Skifte lysrør i naustet

  • Rydde uteområdet og sjøbotnen for søppel

  • Vask og reingjering av klubbhuset innadøres

  • evt anna

Me må sjølvsagt følgje dei nasjonale smittevernreglane til punkt og prikke, men reknar med at det skal la seg gjere å servere ein kaffikopp og ein vaffel eller to.


Vel møtt til ein kjekk og nyttig arbeidsdag i småbåthamna !

3 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Årsmøte 2021

Årsmøtet 2021 går av stabelen onsdag 17.mars kl. 19.00 i Storstova på Lærdalsøyri skule. Atterhald om at gjeldande smittevernreglar tillet gjennomføring av møtet på ein trygg måte. Alle medlemmene få

Kabellegging i innseglinga

Kommunen skal legge ein kabel over innseglinga til småbåthamna. Dette medfører gravearbeid som må utførast på fjøre sjø. Innseglinga vert derfor stengt i periodar frå veke 41 og utover. Det er uviss