Vårdugnaden kjem seint i år. Styret har denne gongen fastsett dugnaden til onsdag 17.juni frå kl. 17.30. Det er sett opp mange arbeidsoppgåver, og me håper på godt dugnadsver slik at me kan få gjort det meste. På planen står:
Maling av klubbhuset
Justering av bobleanlegg på A-brygga
Utskifting av stolpe på F-brygga
Justering av utriggarar på A,B, og F-brygga
Påfylling av pukk på opptrekket
Oppsetting av skilt
Rydding av uteområdet og sjøbotn
Vel deg ut eit par av oppdraga du kan tenke deg å jobbe med, og ta med utstyr det kan bli bruk for.
For å forebygge mot smitte av korona vert det ikkje felles matpause i klubbhuset denne gongen. Men ta gjerne med kaffi, noko å bite i, og campingstol, slik at me kan ha fellespause ute i det fri om veret spelar på lag.
Comments