top of page

Haustdugnad i gråver

Dugnaden 14.september gjekk stort sett etter den oppsette planen. Det møtte i alt 23 medlemmer med arbeidslyst og godt humør. Kaffipause med ny vri vart nok dagens høgdepunkt, sidan Lise og Gunhild denne gongen diska opp med smørbrød i tillegg til kaffi og vafler.


Me fekk merka båtplassane på B-brygga og mala ferdig første strøk på klubbhuset, men reinsking av søppel på sjøbotnen og utbetring av opptrekksrampen måtte utsettast pga høg vannstand. Det vart og rydda og vaska i klubbhuset, og uteområdet var på førehand rydda for søppel. Alt i alt ein bra dugnad, men bortfall av gjeremål på grunn av høg vannstand gjorde sitt til at det vart noko lediggang for enkelte.

30 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page