top of page

Haustdugnad laurdag 13.oktober

Oppdatert: 27. jan. 2019

Hausten er her, og småbåthamna treng vedlikehald og utbetringar før vinteren kjem.  Laurdag 13.oktober frå kl. 10.00 skal den tradisjonelle haustdugnaden gå av stabelen.  Mange arbeidsoppgåver skal gjerast, og me ber medlemmene slutte opp om dugnaden.

Arbeidslista ser slik ut:


På den nye A-brygga skal det monterast bobleanlegg, og anlegget på E-brygga og F-brygga skal vedlikehaldast og justerast.I naustet skal arbeidet med det frostfrie rommet fullførast.  Det skal leggast «golv» i reolane, og det skal ryddast.På arbeidsflåten som ligg på land, skal det monterast nye flyteelement av isopor.Båtplassane på A-brygga skal merkast med nummerUteområdet, og om mogleg sjøbotnen,  skal ryddast for søppelSkiltkjettingane på landgangane skal justerast, og det skal settast opp stolpar til skiltet på landgangen til F-brygga.Defekte utriggarar m.m. skal kappast opp og klargjerast for transport til miljøstasjonen.


Og sjølvsagt skal me ha ei sosial økt med kaffi og vaflar.


Vel deg ut eit par arbeidsoppgåver du kan tenke deg å vere med på, og ta med passande verktøy.

Vel møtt til ein triveleg arbeidsdag i småbåthamna.


12 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page