Det er mange gjeremål som må fullførast i båthamna før hausten blir til vinter. For haustdugnaden har me sett opp desse punkta:
- Kontrollere og evt gjere nødvendige reparasjonar på utriggarane
- Justering av utriggarane på A,B,D og F-brygga
- Tilpasse bobleanlegget på bryggene
- Montere og merke nytt beredskapsutstyr i naustet
- Maling av dører og vindaugslister på klubbhuset
- Ny stolpe ved landgangen på F-brygga
- Utbetre fundamentet for staken i innseglinga
- Skifte lysrør i naustet
- Vask m.m. i klubbhuset
Ta med høveleg verktøy til arbeidsoppgåvene du prioriterer å vere med på.
Koronanen set framles grenser for sosialt samver i pausa. Båteigarlaget serverer kaffi og te, men ta med noko å bite i. Hugs 1-metersregelen og bruk handspriten ved inngangen til klubbhuset
Vel møtt til ein nyttig og kjekk dugnad.
Kommentarer