Mudringa er i gang

Oppdatert: 2. april 2019


I dag, 30.mars, starta Rune mudring i innseglinga. Det er uvisst kor lang tid arbeidet vil ta, sidan han berre kan jobbe når det er lågt tidevatn. Men ein del veker vil nok gå med.

Det vert lagt opp masse både langs strandlina og tvers over innseglinga. Seglingsdjupna vert dermed redusert i den tida mudringa pågår. Skal du ut eller inn av hamna med båt, må du ta omsyn til redusert seglingsdjupne, og vise ekstra varsemd i mudringsområdet. Men når arbeidet er ferdig, kan du vere langt sikrare på at båten din kan passere på fjøre sjø utan å subbe nedi sjølv på dei grunnaste områda.

0 visninger